...

NOREGS UNGDOMSLAG SIN SOMMERLEIR


Søndag 27. juni - torsdag 1. juli 2010 er du velkomen til NU sin Sommarleir!


sommerleir NU.jpgStad: Bergen Katedralskole midt i sentrum
Kurs: teater - folkemusikk - folkedans
Aldersgrense: 14 - 26 år
Dato: søndag 27. juni til torsdag 1. juli 2010
(dagane før Folkedansfestivalen)

Få årets oppleving på Sommarleiren i Bergen! Sommarleiren er for ungdom mellom 14 og 26 år som likar å halde på med teater, dans og musikk. Vi har masse supre kurs, spreke lærarar og eit trygt og oppfinnsamt miljø. Kurs og overnatting blir på Bergen Katedralskole midt i Bergen sentrum.

Er du med i ei ungdomsgruppe? Legg årets fellestur til Sommarleiren i Bergen!

  
  
  
  
Her er kursa du kan gå:

Dans med driv
Å danse kan ein samanlikne med å føre ein samtale med mange på ein gong - med kroppen og gjennom musikken. I pardans "snakkar" ein til dømes med dansepartnaren, resten av dansarane på golvet og ikkje minst spelemannen. Om ein er på ei scene kjem publikum også til. På dette kurset vil du lære meir om: Når er dialogen best? Korleis få dette til?

Du vil også få lære bygdedans og runddans, samt delta på kortkurs i andre dansetypar og danseuttrykk.

Lærar: Martin Myhr og Anna Öberg. Spelemann: Erlend Viken

Spel og sprell
Dansespel er annleis enn å spele til konsert, men kvifor? Å spele til dansarar er som å føre ein samtale. Samtalen går ikkje berre med dei andre musikarane, men også med dei som dansar. Korleis får ein dette til? På dette kurset vil du lære mykje om samspel og dansespel, samt slåttar frå Trøndelag og Hordaland. I tillegg vil du lære triks som gjer deg tryggare på scena.

Lærarar: Lajla Storli og John Ole Morken

Teater med trøkk
På teaterkurset skal vi jobbe med å ha speleglede, å formidle ein bodskap og å vere trygg på scena. Om vi jobbar med ein sketsj, ein song eller eit alvorleg tema må vi vere engasjert og ha noko å fortelje. De får lære skodespelarteknikk og improvisasjon. På kurset blir det også mykje fokus på bruk av song, musikk og koreografi - for å skape teater med trøkk! Kurset blir lagt opp med mykje variasjon og passar for alle uansett erfaring med teater.

Lærar: Therese Kinzler Eriksen

Pris og påmelding
Påmeldt før 1. april: Kr 800 for medlemmer i NU/kr 1200 for andre
Påmeldt før 20. mai (bindande/ingen refusjon): Kr 950 for medlemmer i NU /kr 1400 for andre

Last ned påmeldingsskjema her (word-fil).

 

Last ned fil nu_sommerleirbrosjyre.pdf
(1 823kb - 3,8 min at 64K ISDN)

  

  

  

Lagre dokumentet på maskina di, skriv inn, lagre igjen og send som vedlegg i epost til pamelding@ungdomslag.no.

Program


Søndag (27. juni):
17:00 og utover: Innkvartering
20:00: Mat og bli kjent-aktivitetar

Måndag (28. juni) - onsdag (31. juli):
08:30: Frukost
09:30: Kurs
12:00: Mat
13:00: Fellesaktivitetar
14:30: Kurs
18:00: Middag
Ulike sosiale aktivitetar om kveldane
Onsdag kveld: Sommarleir-fest

Torsdag (1. juli):
08:30: Frukost
09:30: Kurs
12:00: Mat
Felles avslutning klokka 13:00

VELKOMMEN!
www.ungdomslag.no

  

...